søndag 3. juni 2012

Då har vi kome heim med ny valp. Var til Vormsund i går og henta ein tispevalp frå Botnebekken's kennel. Mor er Botnebekkens B-Tikka og faren er Botnebekkens Freddi. Skal legge inn meir info om stamtavle bare denne kjem. Valpen heiter Kaisa, og så langt virkar ho veldig roleg og triveleg. Kaisa fekk helse på Fenja med ei gong vi kom heim, noko vi var veldig spente på. Det gjekk over all forventning. Men Fenja har reagert med å få mjølk i spenane og ein litt stressa oppførsel. Har ikkje peiling på om dette er normalt. Håpar ikkje vi får noko tull med innbilt svangerskap her. Utfordringa no blir å få nok tid til båe bikkjene.





mandag 13. februar 2012

Oppdatering

Ikkje så mykje aktivitet her for tida. Bloggen vart oppretta med tanke på valpekullet vi hadde på Fenja, så nokon stor bloggar hadde eg vel aldri tenkt å bli;)

To bikkje har nå blitt ei, men forhåpentlegvi har vi snart to att. Valgte å avlive Thunder tidleg hausten 2011. Han vart biten i framfoten, og hadde brot fleire stadar i foten. Summen av brotet, det at han ikkje viste særleg jaktlyst og seist men ikkje minst hadde begynt å bli litt halvvond på andre hannbikkjer gjorde til at eg valgte å avlive. Angrar ikkje på det. Fenja hadde ein ok haust, vart bare skote tre elgar for ho, men hadde mange fine losar. Merkar godt at det er mindre elg i områda der vi jaktar, og ein stor del av kvotene er ungdyr som ikkje er så lette å få til å stande for bikkja.

Vi har lyst til å ha to bikkjer. Kunne ha vore moro med eit kull på Fenja att, men syns det blir for mykje styr. Og så er det det at ho så sjeldan har løpetid. No er det over eit år sidan seist. Ho byrjar jau også å bli ei vaksen dame:) 8 år i august. Men det står ei gilde hannbikkje i Tvedestrand... HO HO må slutte å tenke på det. For John Kjell har bestillt valp frå Botnebekken. Skal etter planen hente ny valp i mai. Men nå viser det seg at tispa det er planlagt kull på ikkje har fått løpetid den heller... Så vi får sjå. Får vi oss valp må eg kanskje blogge litt att:)

onsdag 25. mai 2011

Jakta 2010

Litt på etterskot kan ein sei. Så blir ikkje så veldig mykje skriving, men ein liten oppdatering på jakta i fjor, før vi startar med jakta i år:)

Fenja fungerte heilt supert som vanleg. Vart skote 3 elg for ho denne hausten. I slutten av fyrste perioden av jakta fekk ho i seg noko filleskap, eller ho vart rett og slett så sliten at det gjekk på helsa laus, det veit vi ikkje heilt. Men ho fekk dårleg mage, og var slapp og ulagleg i nesten to veker. Ho måtte vere mykje heime, eller bare vere med halve dagar. Men etterpå var ho i full fart att. Vi jakta og jakta og jakta etter ein stut i Borggrend. Hadde los kvar dag, men anten var det kyr eller så sprang den ...... i vold. Men moro var det;). Seiste dagen vi var på jakt var vi med Napenissen, og Ådne skaut ein kalv i los for Fenja ut med Støyl.

Thunder fanga eit mangesifra tal med lømændi hausten 2010. Han var veldig ukonsentrert på grunn av desse gilde dottane som lukta godt og fræsa rundt i lyngen. Eit par fine losar hadde vi før jakta, men vart mykje vas au. Endeleg litt uti jakta vart det skote ein liten kalv for han i los. Det var bra for han, men fjerna desverre ikkje interessa for smågnagerar. Så eg må bare innrømme: Eg ynskjer død over alle lømændi på denne jord. Pesten er velkommen.

Planen for i år er sjølvsagt å få Thunder til å fungere, og helst bli godkjent. Fekk spora lite i fjor, det må vi få til i år. Har også kjøpt inn nokre boksar med blod, og vil prøve på blodspor. Så må vi spore mykje på elg slik at ein får prega han meir, for han ser rett og slett ikkje ut til å ha oppfatta kva han er til endå...






fredag 11. desember 2009

Thunder syns elgar er ålreite dyr...

Elgjakta er over for i år. Vart til slutt 7 elgar som vart skotne for Fenja. Ho har gått veldig bra i haust, ikkje finni på alt for mykje rart heller i grunn. Og ho har teke kvelden til vitug tid. Stort sett kome inn att før klokka 20:00, og alltid tilbake til der vi har sleppt. Det er supert.
Thunder har vore med litt no på slutten. Men aldri blitt sleppt saman med Fenja. Trur det er best om han finn ut av ting på eigahand fyrst. Nest seiste helga i jakta var eg og han med på Sitje på jakt. Då fant han sin fyrste elg og losa i ein god halvtime. Eg rakk ikkje innpå så eg veit ikkje kva slags dyr det var. Men etter spora å døme var det nok eit einsleg vakse dyr. Etter dette har han hatt endå eit par fine losar. Om kvelden 30. november skulle eg og han gå ein liten kveldstur innover Skåltjønnstrånda. Kjempefin kveld med måneskin og greier. Hadde ikkje kome så veldig langt før vi kom til ein stad der det hadde vore elg like før. Såg spor etter tre dyr. Vips var Thunder vekk og etter bare eit par minutt var det los. Stod i over to timar før han sleppte. Har ikkje hatt han laus etterpå, men i går kveld stakk han av når eg skulle ta dei inn. Brukar alltid å ta Fenja i band og la han springe laus. Det må det nok bli slutt på. Han var vekk som ei sviske og etter nokre minutt vart det los i lia uppom husa. Her stod han til klokka 02:00 om nåtta, i 2,5 timar. Ein kanonfornøgd valp som kom tilbake då.
I dag er Thunder åtte månadar. Så vi er kjempefornøgde så langt. Sidan han er født i april hadde vi nok ikkje tenkt at han kom til å vere borti elg før neste haust. Så detta er kjempemoro. Må prøve å spore litt framover, slik at vi kan ta fersksporprøva.

torsdag 8. oktober 2009

Elg nr. 25

Så er jakta godt i gang. Fyrste dagen i jakta var bra for Fenja, men litt kjedeleg for oss på jaktlaget... Ho starta dagen med los på naboterrenget. Der skaut dei ein fin stut for ho, så ho var strålande fornøgd. Då vi fekk ho hatt slapp vi på nyt, og det var ikkje veldig lenge før det vart uttak att. Men jammen klara ho å kome seg over grensa til naboen att, der losen vart ståande. Dei skaut ein kalv for ho, og bikkja og naboen var kjempefornøgde med dagen.

Dei to neste dagane var ho i elg båe dagar, men vart ikkje skikkeleg stålos, bare skranglelos eller elgar som flaug over stokk og stein. Måndag fekk ho kvile, noko ho sette stor pris på. Då var ho innebikkje, strak ut framfor vedomnen. Tysdag var ho med på Haukrei jaktlag med John Kjell, og dei skaut ein stut for ho i los. Dagen etterpå skaut dei ein kalv for ho i los. Torsdag og fredag var kviledagar, slik at ho var klar til helga att.

Nått til laurdagen kom det sno! Skikkeleg domt etter mi meining. Ikkje noko moro å liste seg til Borggrend på sommardekk tidleg på morgonen. Men fram kom vi, og Fenja vart sleppt. Det vart ingen suksess. Drog over fjell og blåner med eit ungdyr, og bikkja vart plukka opp på hyttetrappa på Torsdalen i kveldinga. På morgoen denne dagen skaut onkel Tor ei kvige på saltsteinen, så elg vart det nå likavel. Sundag var ein del av snoen vekk, men filleføre var det nå framleis. Frå morgoen vasa Fenja litt, og såg litt slapp ut. Men så kvikna ho til og hadde seg ein lang tur, som heldigvis dreia inn att i vårt terreng, og der vart det los på kyr og kalv. På ettermiddagen vart kalven skoten. Dette var elg nr. 25 som er skoten i los for Fenja. Moro.

torsdag 24. september 2009

Slags dag er det i dag?

24. september!!! I morgo brakar det laus. Eg og Fenja skal til Borggrend.

Her har det skjedd litt av kvart sidan seist eg skreiv. Ikkje moro å innrømme det - men det vart for mykje med to valpar. Fekk altfor lite tid til Frøya og Thunder. Så etter å ha diskutert litt att og fram annonserte eg Frøya på Kammeret. Var bare nokre timar så hadde eg fått to meldingar. Etter litt ordning og fiksing reiste Frøya med fly frå Gardemoen til Bardufoss fredag 4. september. Der vart ho henta av dei nye eigarane som bur på Senja.
Fyrste helga var Thunder litt i sjokk trur eg. Han var veldig forsiktig og syns nok det var veldig rart å bli aleine. Det var nok Frøya som var ledaren av dei to, og Thunder vart litt tafatt då han plutseleg måtte finn på ting sjølv. Men han tina fort opp. Han har blomstra opp og er ein skikkeleg ræser for tida. Har tenkt at han skal vere med på jakt litt i haust, men tør ikkje å sleppe han med Fenja. Ho er om mogeleg endå ivrigare enn ho har vore før, heng på og losar i timesvis. Så det kan bli for tøfft for ein fersking. Men satsar på å spore litt og kanskje sleppe han litt seinare i haust.



onsdag 5. august 2009

Snart 4 månadar

Litt lenge sidan eg har skrivi noko seist. Finteljinga i bikkjegarden stoppar på 3 bikkjer. Hm. Heilt i starten skulle vi IKKJE ha nokon valp. Så kom vi fram til at vi ville behalde ei tispe, og valgte oss ut Frøya. Valpesalget gjekk veldig tregt, og ei stund lura vi fælt på kva vi skulle gjere. Men etter at vi sat at med Frøya og ein hanne - som heiter Thunder bestemte vi oss for å slutte å annonsere. Tanken var at vi ikkje skulle stresse valpesalget, men om nokon ringa så var Thunder til salgs. Men no er det ikkje slik lengre. Thunder har blitt min augestein - og er ikkje til salgs.

Fenja byrjar å kome i triv att. Ho får jamnlege turar på Torsdalsvegen med 4-hjulingen, og er mykje med oss, slik at ho får fri frå Frøya og Thunder. Ho ser ut til å trivast i garden med dei, men er også lykkeleg for å kome mykje ut. I sommar har ho liggi inne kvar nått. Noko ho stortrivast med. Elles tel vi dagar til 21. august no. Då er det slutt på båndtvangen - og vi kan sleppe Fenja. Alltid gildt:).

Frøya og Thunder er i fullt vigør frå morgo til kveld. Særleg Frøya er aktiv. Thunder ligg og betraktar ho og syns noko ho masar litt. Når dei er ute sammen spring dei etter kvarandre og skal alltid snuse på same tingen. Men vi prøvar også å ha dei med aleine litt. Lettare å drive litt dressur når ein har dei aleine.



fredag 22. mai 2009

6 veker gamle

I morgo er valpane 6 veker gamle. Dei er friske og spreke alle sammen. Den vesle tispa som hang veldig etter i starten har kome seg veldig. Ho har ikkje teke att dei andre - men ho er ikkje påfallande lita lengre, og ho er sprek som bare det. Dei seiste dagane har dei fått kome ut av bikkjegarden ein del. Det er stor stas. Var i grunn godt i gang med å få fine blomsterbed, men det ser ut som det blir ei endring på. Dei gyv på blomane med stor iver.

Det går mykje tørrfor om dagen. Tre gonger dagleg får dei oppbløytt for, og dei et godt alle sju. Har ikkje fått solgt alle valpane, så skulle nokon vere interessert må dei ringe:).



onsdag 6. mai 2009

Litt bilete




Full fart

Har vore litt treg til å legge ut bilete - har teke mange - men dei er jammen ikkje så fotogene desse småtrolla. Masse rare bilete der valpane er langt av stad før eg har knipsa - ser bare slutten av ei rove. Men her kjem nokre glimt. Valpane veks godt og er veldig jamne i størrelse. Den vesle tispa har ikkje teke att dei andre - men ho veks og trivast ho også. No i helga fekk dei mat for fyrste gong. Ingen nøling - her gauv dei på matfatet alle sammen. Så nå får dei oppbløytt tørrfor tre gonger til dagen. Dette er hektisk!

søndag 19. april 2009

Valpane veks og trivast


Då er valpane 8 dagar. Stygt å sei at dei er fine - ser i grunn ut som mini-mini-flodhestar synest eg. Men snåle er dei! Seks av valpane er ganske like i størrelse. Dei vog mellom 400 og 500 g ved fødsel. Desse veg +- 1 kg i dag. Den sjuende er mindre enn dei andre. Men ho veks og trivast, og er kjempsprek.



lørdag 11. april 2009

Hipp Hipp Hurra!!!

Endeleg kom det valpar. Fenja har vore tydeleg valpesjuk både i går og i dag. Avtalte til slutt med dyrlegen i Seljord at vi skulle køyre dit slik at ho kunne sjå. På vegen burt gjekk vatnet, og då Fenja hoppa ut av bilen i Seljord såg vi den fyrste fosterposen. 4 valpar vart født inne på dyrlegekontoret før vi lesste inn bølingen i bilen og køyrde heimover att. Så kom det ein valp i Brunkeberg, ein i Hauggrend og ein ved Granheim. Litt av ein tur. Men Fenja var roleg heile tida, og såg ut til å ta det heile med fatning. 4 tisper og 3 hannar vart det.

Nå er alle sammen innstallert i kassa heime. Fenja har ete, drikki og sove. Valpane slurpar og drikk ivrig alle sammen.

Eg legg ut nokre bilete også. Ikkje så lett å sjå noko endå, er bare ein haug med valpar, men fleire bilete kjem!



tirsdag 24. mars 2009

Veldig gravid!

Nå er Fenja "gørrgravid". Ho er stooooor, og byrjar å få jur. Bare frå i går til i dag har juret utvikla seg veldig. Ho har mista mesteparten av pelsen under magen, så no er ho nesten snau rundt spenane. Syns det virkar rart at ho endå har att over 2 veker... Kjære vene korleis kjem ho til å sjå ut då?

onsdag 18. mars 2009

Litt om Fenja og A-Kinto

Fenja
- hadde sin fyrste los den dagen ho var eit år. Er født i august, skaut tre elgar for ho fyrste hausten. Veldig god jaktlyst, god påhengeleghet. Kjempetriveleg familiebikkje, vant med ungar. Fyrstepremie på jaktprøve.

A-Kinto
- jaga også tidleg. Fine rolege uttak - får ofte elgen til å stå i uttaket. God jaktlyst. Jaktchampion som 2-åring. Triveleg familiehund som er vant med ungar.

onsdag 11. mars 2009

Positiv drektighetstest!


Var til Seljord til dyrlegen i går. Fenja vart vaksinert og det vart teke ei blodprøve for å sjå om ho var drektig. Og testen var POSITIV. Det var knallmoro. Har jau håpa på det, men har ikkje heilt tora å tru på det. Kan ikkje merke noko på ho endå egentleg. Syns ho har lagt på seg litt, men det gjer ho som regel på denne tida likavel.


Så då blir det ikkje hyttepåske i år. Litt dumt, men innstiller ein seg på å vere heime kan vi sikkert kose oss der også. Uansett blir det ei spennande tid framover.


onsdag 11. februar 2009

Nå er det bare å vente...

Tysdag 03. februar var eg til Skui med Fenja. Det var tydelegvis for tidleg i løpetida til at det vart noko paring. A-Kinto vart derfor med oss heim, og var her med Fenja i ei veke. Det gjekk kjempegreit, men vi trur ikkje det vart noko paring før laurdag 07. februar. No er det bare å krysse fingrane og håpe det vart noko av det:)

Skal til dyrlegen for å ta ei blodprøve etter 30 dagar - det er visst det tidlegaste ein kan fastslå heilt sikkert om det er valpar på gang.

Har no kontakta avlsutvalet for å høyre litt om når det er lurt å byrje å annonsere valpekullet. Er noko med å ikkje selje skinnet før bjørnen er skoten:), samtidig som vi ynskjer å gjere det kjent at det er valpar i vente.

søndag 1. februar 2009

Løpetid

Endeleg skjer det noko. Fenja har hatt løpetid sidan laurdag 24. januar. Tysdag 03. februar har ho avtalt eit stevnemøte med A-Kinto. Vi reiser til Skui på ettermiddagen, og håpar bikkjene skal finne tonen. Etter planen skal vi innatt torsdag også.

Det er mykje som skal klaffe - så detta blir spennande. Blir det fulltreff kan vi vente valpar palmehelga, som vil vere leveringsklare i pinsa. Men fyrst må vi finne ut om Fenja og A-Kinto har lyst til å ha noko med kvarandre å gjere:)

mandag 3. november 2008

02. november


No er det is på ein del vatn her i bygda. Derfor er vi litt forsiktige med å sleppe bikkja, fekk ein støkk då ho gjekk gjennom isen med ein piggstut i fjor haust. Men vi tok sjansen. John Kjell og Ådne har hatt med seg Fenja på jakt hjå Sitje/Sørbygda i helga. Los både laurdag og sundag. Sundag skaut Ådne ei kyr for bikkja i los. John Kjell skaut ein kalv.

Og endå meire jakt 2008

26. oktober var John Kjell og Ådne til Borggrend på jakt. Ådne skaut sin fyrste elg, som var ei kvige. I los for Fenja.

mandag 20. oktober 2008

Meire jakt 2008

Laurdag 18. oktober skaut John Kjell ein liten piggstut i los i Borggrend.

fredag 3. oktober 2008

Jakta 2008

25. september må det ha gått eit ljos opp for Fenja. Etter den tid har ho skjønna at ho er elgbikkje og ikkje beverbikkje. Fyrste jaktdagen stod ho og losa på kyr og kalv i Heddeheia i 6 timar. Vi skulle ha stut, så det var lite å gjere. Andre dagen losa ho fyrst på ei stor kyr vi ikkje skulle ha. Då ho hadde sleppt kom ho i dyr på veg innatt, og det vart ny los. Dette trur vi var ein stut, men det skrangla og var i bevegelse heile tida, så vi kom aldri innpå. Hadde tak i dyr kvar dag, men fekk ikkje skote for bikka før John Kjell hadde ho med onsdag 1. oktober. Då skaut han ein kalv i los. (foto: Steinar Taraldlien)

lørdag 20. september 2008

Slutt på bandtvangen

Endeleg kom 21. august og vi kunne sleppe bikkja. Vi syns Fenja hadde fungerar så supert hausten 2007, så i år var vi vel ikkje i tvil om anna enn at det kom til å bli full klaff frå fyrste slepp. Hu hei så feil ein kan ta.

Eit par ting gjorde at det vart ein del frustrasjon og både eigar og bikkje vart ut grunn utsatt for litt mobbing. Fenja var nok i litt dårlegare form enn eg hadde trudd. Interessa for elg var der, men Fenja tok også opp att og vidareutvikla ein hobby ho hadde for eit par år sidan; nemleg beverjakt! Fenja hoppa og dansa på beverhus, grov seg inn i beverhus, og seist men ikkje minst, ho symde rundt på vatnet etter beveren. Innimellom jaga ho litt elg, ho losa også, men så fant ho seg ein beverdam, og då var det så vatn og søyle sprutte rundt ho.
Det vart allikavel mange fine turar. Finast når vi slapp der det ikkje var beverhus... Sleppte laurdag og sundag kvar helg, i tillegg til ein eller to ettermiddagar/kveldar i veka.

tirsdag 15. juli 2008

Endeleg løpetid

Vi har grubla og lura og bekymra oss skikkeleg i vår. Trudde i grunn att hormonane hadde gått heilt i bals for Fenja, sidan ho ikkje har fått løpetid. Men torsdag (10. juli) oppdaga vi bloddropar på hyttegolvet då vi tok ho ut om morgonen. Heilt uaktuellt med noko paring no, men forhåpentlegvis får ho løpetid rundt joletider att, og då er det hyperaktuellt.

mandag 12. mai 2008

Manglande løpetid

Fenja har ikkje fått løpetid! Og alt som låg så godt til rette for eit valpekull. Fenja har hatt løpetid rundt 20. august, og i månadskiftet januar/februar kvart år, men no som vi hadde store planar for ein romanse mellom ho og A-Kinto har ho altså hoppa over ei gong. Skikkeleg surt synest vi. Men no er det så seint på året at flyg ho nå får det heller vere. Vi ventar heller til vinteren att, elles blir jakta ødelagt, noko vi ikkje er interessert i.

Vi håpar at dette ikkje er tegn på at noko er gale, og får heller glede oss til ein ny jaktsesong. Bloggen som eg skulle publisere når det var valpar på gang får bare ligge her. Kanskje eg kan legge inn litt bilete og historiar frå jakta om eg får ånden.

lørdag 26. januar 2008

A-Kinto 10604/05

Vi har fått ei formell anbefaling frå avlsutvalet for jämthund når det gjeld 10604/05 A-Kinto. Eigaren av A-Kinto, Arvid Fjellandsbø var også positiv til paringa, så nå er det bare å vente til Fenja får løpetid. Vi har hatt eit valpekull tidlegare, på to Border Colliar, men det var resultat av ei tjuvparring på tunet her ein vinterdag for fleire år sidan. Så vi har liten erfaring med å vite rett tidspunkt for å ta tispa med til hannbikkja. Men vi satsar på å fylgje med, samt tele dagar når løpetida er i gang.

fredag 25. januar 2008

Vi planlegg eit valpekull

Vi har lyst til å ha eit valpekull på Fenja. Både fordi det skal vere bra for ei tispe å ha eit kull med valpar, og fordi vi er godt fornøgde med Fenja og håpar at hennar gode egenskapar kan vidareførast. Vi reknar med at Fenja får løpetid i januar/februar.

Vi har bruka mykje tid på å finne ein lagleg hannhund. Dogweb er eit supert verktøy i så måte. Det var også bra at jämthundsidene på elghundforbundet sine sider endeleg vart oppdaterte. Vidare har vi fått mykje hjelp av Ove Helge Lo i avlsutvalet for Jämthund.

Pälavarins Kötti er Fenja sin oldefar. Dette er ein finne som dukkar opp både her og der, og som utelukkar ein del aktuelle hannbikkjer. Så er det dette med HD. Sidan Fenja ikkje har hatt kull før er hennar HD-index 100, og ho må soleis parast med ein som har HD-index 100 eller betre. Vi er sjølvsagt ute etter ein bra hannhund til paringa, men samtidig hadde vi ikkje lyst til å køyre så uhorveleg langt...

Etter mykje att og fram sat vi att med ei liste med 4 aktuelle hannar. Vi rangera desse i denne rekkefylgja vi meinte var best og sendte denne til avlsutvalet.

Tilbakemeldinga frå avlsutvalet v/Ove Helge Lo var at dei var enige med oss i fyrstevalget vårt, A-Kinto. Så då var neste steg å ta kontakt med A-Kinto sin eigar.

Jakta 2007

Så fort båndtvangen var slutt starta vi å sleppe Fenja. Denne hausten merkar vi at ho har blitt veldig vaksen og særdeles måbevisst. Ho har gode søk, og ein utruleg påhengeleghet. Men er det ungdyr som skjenar av stad for mykje gjev ho seg og kjem tilbake etter eit par timar. Det er har blitt nokre seine kveldar denne hausten, der eg sit i bilen med ei god bok og Fenja står lykkeleg oppi ei li og losar av full hals...

Denne hausten har det blitt skote 4 elgar for ho, ein kalv, eit ungdyr og to kyr. På kyra losa ho saman med Odin (egentleg så sneik ho seg vel innpå losen til Odin, men då er dei skulls, for helga før var det han som hang seg på hennar los. 1-1 altså!).

PS: Odin er gråbikkja til bror min. Ein blir aldri ferdig med å diskutere, halde narr, vri kjeft, krangle eller slenge drit så lenge familien inneheld både gråbikkjer og jämthund.

Jakta 2006

Denne hausten hadde vi veldig mange fine turar i skogen før jakta. Fenja vart stort sett sleppt kvar helg og minst ei gong midt i veka frå det var slutt på båndtvangen. Ho hadde mange fine losar, og sto mykje lengre enn fyrste året.

Det vart skote tre elgar for ho denne hausten. Ein kalv, eit ungdyr og ei kyr.

Jaktprøver er eigar store skrekk. Syns det er frykteleg skummelt og slitsomt å gå prøver med desse domarane som er MYKJE sprekare enn meg, og som alle sammen er garva elgbikkjefolk. Vi gjekk nokre dårlege og halvdårlege jaktprøver og eg ville ikkje meir. Men sidan bikkja gjekk så bra på jakt var det litt surt å gje seg også. Så i desember 2006 mota vi oss opp og meldte oss på prøve att. Det klaffa bra. Fenja fekk 80 poeng og fyrstepremie på jaktprøve 4. desember i Åmli. Det var sjølvsagt moro.

Jakta 2005

Fyrste elgen som vart skoten for Fenja var ein bitteliten kalv i Borggrend. Vekta synte bare 26 kg, og fellinga må vel sjåast på som eit barmhjertighetsdrap. Kalven var så liten og lett at Fenja drog han med seg nedover berget når ho skulle ragge. Det har blitt mange gilde historiar i etterkant om det jaktlaget i Borggrend som jaktar med så store bikkje og får så små elgar at bikkja tek avgarde med jaktbytte.

Seinare på hausten vart det skote ei kyr i Grånhøltbakkane som Fenja, Ragg og Odin losa på.

I november gjekk eg ei jaktprøve med Fenja og fekk 3. premie, så då var ho godkjent for ettersøk i eget lag.

Litt om Fenja

I oktober 2004 var vi til Vestre Gausdal, til Kjell Smestad for å hente Fenja. Der levde ho lykkeleg saman med mora si, 11 kullsysken, ei halvsyster, ein dachs samt folk og fe.

Vel heime gjekk det slag i slag. Fenja vart fòra og stellt etter beste evne. Heil fram til båndtvangen 1. april fekk ho stort sett gå laus når vi gjekk på tur. Vi var mykje ute i skogen med ho, og spora også ein del. I august tok vi sporprøva med Fenja.
20. august 2005 var vi til Seljord på utstilling. Fenja stillte i unghundklasse og fekk fyrste premie. Dagen etterpå sleppte vi ho for fyrste gong. Denne dagen fant ho mykje rart (rådyr, reinsdyr osv), men ingen elg.

Helga etter (28.08.05), den dagen Fenja var eit år sleppte vi ho att. Og denne gongen fant ho elg! Og hadde sin fyrste stålos. Kyr og kalv. Ho losa i tre kvarter, men då vart nok eigaren litt utolmodig og hasta litt med å gå innpå, og støkkte. Framover mot jakta sleppte vi både laurdag og sundag og gjerne ein eller to gonger i veka også.