lørdag 26. januar 2008

A-Kinto 10604/05

Vi har fått ei formell anbefaling frå avlsutvalet for jämthund når det gjeld 10604/05 A-Kinto. Eigaren av A-Kinto, Arvid Fjellandsbø var også positiv til paringa, så nå er det bare å vente til Fenja får løpetid. Vi har hatt eit valpekull tidlegare, på to Border Colliar, men det var resultat av ei tjuvparring på tunet her ein vinterdag for fleire år sidan. Så vi har liten erfaring med å vite rett tidspunkt for å ta tispa med til hannbikkja. Men vi satsar på å fylgje med, samt tele dagar når løpetida er i gang.

fredag 25. januar 2008

Vi planlegg eit valpekull

Vi har lyst til å ha eit valpekull på Fenja. Både fordi det skal vere bra for ei tispe å ha eit kull med valpar, og fordi vi er godt fornøgde med Fenja og håpar at hennar gode egenskapar kan vidareførast. Vi reknar med at Fenja får løpetid i januar/februar.

Vi har bruka mykje tid på å finne ein lagleg hannhund. Dogweb er eit supert verktøy i så måte. Det var også bra at jämthundsidene på elghundforbundet sine sider endeleg vart oppdaterte. Vidare har vi fått mykje hjelp av Ove Helge Lo i avlsutvalet for Jämthund.

Pälavarins Kötti er Fenja sin oldefar. Dette er ein finne som dukkar opp både her og der, og som utelukkar ein del aktuelle hannbikkjer. Så er det dette med HD. Sidan Fenja ikkje har hatt kull før er hennar HD-index 100, og ho må soleis parast med ein som har HD-index 100 eller betre. Vi er sjølvsagt ute etter ein bra hannhund til paringa, men samtidig hadde vi ikkje lyst til å køyre så uhorveleg langt...

Etter mykje att og fram sat vi att med ei liste med 4 aktuelle hannar. Vi rangera desse i denne rekkefylgja vi meinte var best og sendte denne til avlsutvalet.

Tilbakemeldinga frå avlsutvalet v/Ove Helge Lo var at dei var enige med oss i fyrstevalget vårt, A-Kinto. Så då var neste steg å ta kontakt med A-Kinto sin eigar.

Jakta 2007

Så fort båndtvangen var slutt starta vi å sleppe Fenja. Denne hausten merkar vi at ho har blitt veldig vaksen og særdeles måbevisst. Ho har gode søk, og ein utruleg påhengeleghet. Men er det ungdyr som skjenar av stad for mykje gjev ho seg og kjem tilbake etter eit par timar. Det er har blitt nokre seine kveldar denne hausten, der eg sit i bilen med ei god bok og Fenja står lykkeleg oppi ei li og losar av full hals...

Denne hausten har det blitt skote 4 elgar for ho, ein kalv, eit ungdyr og to kyr. På kyra losa ho saman med Odin (egentleg så sneik ho seg vel innpå losen til Odin, men då er dei skulls, for helga før var det han som hang seg på hennar los. 1-1 altså!).

PS: Odin er gråbikkja til bror min. Ein blir aldri ferdig med å diskutere, halde narr, vri kjeft, krangle eller slenge drit så lenge familien inneheld både gråbikkjer og jämthund.

Jakta 2006

Denne hausten hadde vi veldig mange fine turar i skogen før jakta. Fenja vart stort sett sleppt kvar helg og minst ei gong midt i veka frå det var slutt på båndtvangen. Ho hadde mange fine losar, og sto mykje lengre enn fyrste året.

Det vart skote tre elgar for ho denne hausten. Ein kalv, eit ungdyr og ei kyr.

Jaktprøver er eigar store skrekk. Syns det er frykteleg skummelt og slitsomt å gå prøver med desse domarane som er MYKJE sprekare enn meg, og som alle sammen er garva elgbikkjefolk. Vi gjekk nokre dårlege og halvdårlege jaktprøver og eg ville ikkje meir. Men sidan bikkja gjekk så bra på jakt var det litt surt å gje seg også. Så i desember 2006 mota vi oss opp og meldte oss på prøve att. Det klaffa bra. Fenja fekk 80 poeng og fyrstepremie på jaktprøve 4. desember i Åmli. Det var sjølvsagt moro.

Jakta 2005

Fyrste elgen som vart skoten for Fenja var ein bitteliten kalv i Borggrend. Vekta synte bare 26 kg, og fellinga må vel sjåast på som eit barmhjertighetsdrap. Kalven var så liten og lett at Fenja drog han med seg nedover berget når ho skulle ragge. Det har blitt mange gilde historiar i etterkant om det jaktlaget i Borggrend som jaktar med så store bikkje og får så små elgar at bikkja tek avgarde med jaktbytte.

Seinare på hausten vart det skote ei kyr i Grånhøltbakkane som Fenja, Ragg og Odin losa på.

I november gjekk eg ei jaktprøve med Fenja og fekk 3. premie, så då var ho godkjent for ettersøk i eget lag.

Litt om Fenja

I oktober 2004 var vi til Vestre Gausdal, til Kjell Smestad for å hente Fenja. Der levde ho lykkeleg saman med mora si, 11 kullsysken, ei halvsyster, ein dachs samt folk og fe.

Vel heime gjekk det slag i slag. Fenja vart fòra og stellt etter beste evne. Heil fram til båndtvangen 1. april fekk ho stort sett gå laus når vi gjekk på tur. Vi var mykje ute i skogen med ho, og spora også ein del. I august tok vi sporprøva med Fenja.
20. august 2005 var vi til Seljord på utstilling. Fenja stillte i unghundklasse og fekk fyrste premie. Dagen etterpå sleppte vi ho for fyrste gong. Denne dagen fant ho mykje rart (rådyr, reinsdyr osv), men ingen elg.

Helga etter (28.08.05), den dagen Fenja var eit år sleppte vi ho att. Og denne gongen fant ho elg! Og hadde sin fyrste stålos. Kyr og kalv. Ho losa i tre kvarter, men då vart nok eigaren litt utolmodig og hasta litt med å gå innpå, og støkkte. Framover mot jakta sleppte vi både laurdag og sundag og gjerne ein eller to gonger i veka også.