fredag 25. januar 2008

Litt om Fenja

I oktober 2004 var vi til Vestre Gausdal, til Kjell Smestad for å hente Fenja. Der levde ho lykkeleg saman med mora si, 11 kullsysken, ei halvsyster, ein dachs samt folk og fe.

Vel heime gjekk det slag i slag. Fenja vart fòra og stellt etter beste evne. Heil fram til båndtvangen 1. april fekk ho stort sett gå laus når vi gjekk på tur. Vi var mykje ute i skogen med ho, og spora også ein del. I august tok vi sporprøva med Fenja.
20. august 2005 var vi til Seljord på utstilling. Fenja stillte i unghundklasse og fekk fyrste premie. Dagen etterpå sleppte vi ho for fyrste gong. Denne dagen fant ho mykje rart (rådyr, reinsdyr osv), men ingen elg.

Helga etter (28.08.05), den dagen Fenja var eit år sleppte vi ho att. Og denne gongen fant ho elg! Og hadde sin fyrste stålos. Kyr og kalv. Ho losa i tre kvarter, men då vart nok eigaren litt utolmodig og hasta litt med å gå innpå, og støkkte. Framover mot jakta sleppte vi både laurdag og sundag og gjerne ein eller to gonger i veka også.

Ingen kommentarer: