fredag 25. januar 2008

Vi planlegg eit valpekull

Vi har lyst til å ha eit valpekull på Fenja. Både fordi det skal vere bra for ei tispe å ha eit kull med valpar, og fordi vi er godt fornøgde med Fenja og håpar at hennar gode egenskapar kan vidareførast. Vi reknar med at Fenja får løpetid i januar/februar.

Vi har bruka mykje tid på å finne ein lagleg hannhund. Dogweb er eit supert verktøy i så måte. Det var også bra at jämthundsidene på elghundforbundet sine sider endeleg vart oppdaterte. Vidare har vi fått mykje hjelp av Ove Helge Lo i avlsutvalet for Jämthund.

Pälavarins Kötti er Fenja sin oldefar. Dette er ein finne som dukkar opp både her og der, og som utelukkar ein del aktuelle hannbikkjer. Så er det dette med HD. Sidan Fenja ikkje har hatt kull før er hennar HD-index 100, og ho må soleis parast med ein som har HD-index 100 eller betre. Vi er sjølvsagt ute etter ein bra hannhund til paringa, men samtidig hadde vi ikkje lyst til å køyre så uhorveleg langt...

Etter mykje att og fram sat vi att med ei liste med 4 aktuelle hannar. Vi rangera desse i denne rekkefylgja vi meinte var best og sendte denne til avlsutvalet.

Tilbakemeldinga frå avlsutvalet v/Ove Helge Lo var at dei var enige med oss i fyrstevalget vårt, A-Kinto. Så då var neste steg å ta kontakt med A-Kinto sin eigar.

Ingen kommentarer: