fredag 11. desember 2009

Thunder syns elgar er ålreite dyr...

Elgjakta er over for i år. Vart til slutt 7 elgar som vart skotne for Fenja. Ho har gått veldig bra i haust, ikkje finni på alt for mykje rart heller i grunn. Og ho har teke kvelden til vitug tid. Stort sett kome inn att før klokka 20:00, og alltid tilbake til der vi har sleppt. Det er supert.
Thunder har vore med litt no på slutten. Men aldri blitt sleppt saman med Fenja. Trur det er best om han finn ut av ting på eigahand fyrst. Nest seiste helga i jakta var eg og han med på Sitje på jakt. Då fant han sin fyrste elg og losa i ein god halvtime. Eg rakk ikkje innpå så eg veit ikkje kva slags dyr det var. Men etter spora å døme var det nok eit einsleg vakse dyr. Etter dette har han hatt endå eit par fine losar. Om kvelden 30. november skulle eg og han gå ein liten kveldstur innover Skåltjønnstrånda. Kjempefin kveld med måneskin og greier. Hadde ikkje kome så veldig langt før vi kom til ein stad der det hadde vore elg like før. Såg spor etter tre dyr. Vips var Thunder vekk og etter bare eit par minutt var det los. Stod i over to timar før han sleppte. Har ikkje hatt han laus etterpå, men i går kveld stakk han av når eg skulle ta dei inn. Brukar alltid å ta Fenja i band og la han springe laus. Det må det nok bli slutt på. Han var vekk som ei sviske og etter nokre minutt vart det los i lia uppom husa. Her stod han til klokka 02:00 om nåtta, i 2,5 timar. Ein kanonfornøgd valp som kom tilbake då.
I dag er Thunder åtte månadar. Så vi er kjempefornøgde så langt. Sidan han er født i april hadde vi nok ikkje tenkt at han kom til å vere borti elg før neste haust. Så detta er kjempemoro. Må prøve å spore litt framover, slik at vi kan ta fersksporprøva.

torsdag 8. oktober 2009

Elg nr. 25

Så er jakta godt i gang. Fyrste dagen i jakta var bra for Fenja, men litt kjedeleg for oss på jaktlaget... Ho starta dagen med los på naboterrenget. Der skaut dei ein fin stut for ho, så ho var strålande fornøgd. Då vi fekk ho hatt slapp vi på nyt, og det var ikkje veldig lenge før det vart uttak att. Men jammen klara ho å kome seg over grensa til naboen att, der losen vart ståande. Dei skaut ein kalv for ho, og bikkja og naboen var kjempefornøgde med dagen.

Dei to neste dagane var ho i elg båe dagar, men vart ikkje skikkeleg stålos, bare skranglelos eller elgar som flaug over stokk og stein. Måndag fekk ho kvile, noko ho sette stor pris på. Då var ho innebikkje, strak ut framfor vedomnen. Tysdag var ho med på Haukrei jaktlag med John Kjell, og dei skaut ein stut for ho i los. Dagen etterpå skaut dei ein kalv for ho i los. Torsdag og fredag var kviledagar, slik at ho var klar til helga att.

Nått til laurdagen kom det sno! Skikkeleg domt etter mi meining. Ikkje noko moro å liste seg til Borggrend på sommardekk tidleg på morgonen. Men fram kom vi, og Fenja vart sleppt. Det vart ingen suksess. Drog over fjell og blåner med eit ungdyr, og bikkja vart plukka opp på hyttetrappa på Torsdalen i kveldinga. På morgoen denne dagen skaut onkel Tor ei kvige på saltsteinen, så elg vart det nå likavel. Sundag var ein del av snoen vekk, men filleføre var det nå framleis. Frå morgoen vasa Fenja litt, og såg litt slapp ut. Men så kvikna ho til og hadde seg ein lang tur, som heldigvis dreia inn att i vårt terreng, og der vart det los på kyr og kalv. På ettermiddagen vart kalven skoten. Dette var elg nr. 25 som er skoten i los for Fenja. Moro.

torsdag 24. september 2009

Slags dag er det i dag?

24. september!!! I morgo brakar det laus. Eg og Fenja skal til Borggrend.

Her har det skjedd litt av kvart sidan seist eg skreiv. Ikkje moro å innrømme det - men det vart for mykje med to valpar. Fekk altfor lite tid til Frøya og Thunder. Så etter å ha diskutert litt att og fram annonserte eg Frøya på Kammeret. Var bare nokre timar så hadde eg fått to meldingar. Etter litt ordning og fiksing reiste Frøya med fly frå Gardemoen til Bardufoss fredag 4. september. Der vart ho henta av dei nye eigarane som bur på Senja.
Fyrste helga var Thunder litt i sjokk trur eg. Han var veldig forsiktig og syns nok det var veldig rart å bli aleine. Det var nok Frøya som var ledaren av dei to, og Thunder vart litt tafatt då han plutseleg måtte finn på ting sjølv. Men han tina fort opp. Han har blomstra opp og er ein skikkeleg ræser for tida. Har tenkt at han skal vere med på jakt litt i haust, men tør ikkje å sleppe han med Fenja. Ho er om mogeleg endå ivrigare enn ho har vore før, heng på og losar i timesvis. Så det kan bli for tøfft for ein fersking. Men satsar på å spore litt og kanskje sleppe han litt seinare i haust.



onsdag 5. august 2009

Snart 4 månadar

Litt lenge sidan eg har skrivi noko seist. Finteljinga i bikkjegarden stoppar på 3 bikkjer. Hm. Heilt i starten skulle vi IKKJE ha nokon valp. Så kom vi fram til at vi ville behalde ei tispe, og valgte oss ut Frøya. Valpesalget gjekk veldig tregt, og ei stund lura vi fælt på kva vi skulle gjere. Men etter at vi sat at med Frøya og ein hanne - som heiter Thunder bestemte vi oss for å slutte å annonsere. Tanken var at vi ikkje skulle stresse valpesalget, men om nokon ringa så var Thunder til salgs. Men no er det ikkje slik lengre. Thunder har blitt min augestein - og er ikkje til salgs.

Fenja byrjar å kome i triv att. Ho får jamnlege turar på Torsdalsvegen med 4-hjulingen, og er mykje med oss, slik at ho får fri frå Frøya og Thunder. Ho ser ut til å trivast i garden med dei, men er også lykkeleg for å kome mykje ut. I sommar har ho liggi inne kvar nått. Noko ho stortrivast med. Elles tel vi dagar til 21. august no. Då er det slutt på båndtvangen - og vi kan sleppe Fenja. Alltid gildt:).

Frøya og Thunder er i fullt vigør frå morgo til kveld. Særleg Frøya er aktiv. Thunder ligg og betraktar ho og syns noko ho masar litt. Når dei er ute sammen spring dei etter kvarandre og skal alltid snuse på same tingen. Men vi prøvar også å ha dei med aleine litt. Lettare å drive litt dressur når ein har dei aleine.



fredag 22. mai 2009

6 veker gamle

I morgo er valpane 6 veker gamle. Dei er friske og spreke alle sammen. Den vesle tispa som hang veldig etter i starten har kome seg veldig. Ho har ikkje teke att dei andre - men ho er ikkje påfallande lita lengre, og ho er sprek som bare det. Dei seiste dagane har dei fått kome ut av bikkjegarden ein del. Det er stor stas. Var i grunn godt i gang med å få fine blomsterbed, men det ser ut som det blir ei endring på. Dei gyv på blomane med stor iver.

Det går mykje tørrfor om dagen. Tre gonger dagleg får dei oppbløytt for, og dei et godt alle sju. Har ikkje fått solgt alle valpane, så skulle nokon vere interessert må dei ringe:).



onsdag 6. mai 2009

Litt bilete




Full fart

Har vore litt treg til å legge ut bilete - har teke mange - men dei er jammen ikkje så fotogene desse småtrolla. Masse rare bilete der valpane er langt av stad før eg har knipsa - ser bare slutten av ei rove. Men her kjem nokre glimt. Valpane veks godt og er veldig jamne i størrelse. Den vesle tispa har ikkje teke att dei andre - men ho veks og trivast ho også. No i helga fekk dei mat for fyrste gong. Ingen nøling - her gauv dei på matfatet alle sammen. Så nå får dei oppbløytt tørrfor tre gonger til dagen. Dette er hektisk!

søndag 19. april 2009

Valpane veks og trivast


Då er valpane 8 dagar. Stygt å sei at dei er fine - ser i grunn ut som mini-mini-flodhestar synest eg. Men snåle er dei! Seks av valpane er ganske like i størrelse. Dei vog mellom 400 og 500 g ved fødsel. Desse veg +- 1 kg i dag. Den sjuende er mindre enn dei andre. Men ho veks og trivast, og er kjempsprek.



lørdag 11. april 2009

Hipp Hipp Hurra!!!

Endeleg kom det valpar. Fenja har vore tydeleg valpesjuk både i går og i dag. Avtalte til slutt med dyrlegen i Seljord at vi skulle køyre dit slik at ho kunne sjå. På vegen burt gjekk vatnet, og då Fenja hoppa ut av bilen i Seljord såg vi den fyrste fosterposen. 4 valpar vart født inne på dyrlegekontoret før vi lesste inn bølingen i bilen og køyrde heimover att. Så kom det ein valp i Brunkeberg, ein i Hauggrend og ein ved Granheim. Litt av ein tur. Men Fenja var roleg heile tida, og såg ut til å ta det heile med fatning. 4 tisper og 3 hannar vart det.

Nå er alle sammen innstallert i kassa heime. Fenja har ete, drikki og sove. Valpane slurpar og drikk ivrig alle sammen.

Eg legg ut nokre bilete også. Ikkje så lett å sjå noko endå, er bare ein haug med valpar, men fleire bilete kjem!



tirsdag 24. mars 2009

Veldig gravid!

Nå er Fenja "gørrgravid". Ho er stooooor, og byrjar å få jur. Bare frå i går til i dag har juret utvikla seg veldig. Ho har mista mesteparten av pelsen under magen, så no er ho nesten snau rundt spenane. Syns det virkar rart at ho endå har att over 2 veker... Kjære vene korleis kjem ho til å sjå ut då?

onsdag 18. mars 2009

Litt om Fenja og A-Kinto

Fenja
- hadde sin fyrste los den dagen ho var eit år. Er født i august, skaut tre elgar for ho fyrste hausten. Veldig god jaktlyst, god påhengeleghet. Kjempetriveleg familiebikkje, vant med ungar. Fyrstepremie på jaktprøve.

A-Kinto
- jaga også tidleg. Fine rolege uttak - får ofte elgen til å stå i uttaket. God jaktlyst. Jaktchampion som 2-åring. Triveleg familiehund som er vant med ungar.

onsdag 11. mars 2009

Positiv drektighetstest!


Var til Seljord til dyrlegen i går. Fenja vart vaksinert og det vart teke ei blodprøve for å sjå om ho var drektig. Og testen var POSITIV. Det var knallmoro. Har jau håpa på det, men har ikkje heilt tora å tru på det. Kan ikkje merke noko på ho endå egentleg. Syns ho har lagt på seg litt, men det gjer ho som regel på denne tida likavel.


Så då blir det ikkje hyttepåske i år. Litt dumt, men innstiller ein seg på å vere heime kan vi sikkert kose oss der også. Uansett blir det ei spennande tid framover.


onsdag 11. februar 2009

Nå er det bare å vente...

Tysdag 03. februar var eg til Skui med Fenja. Det var tydelegvis for tidleg i løpetida til at det vart noko paring. A-Kinto vart derfor med oss heim, og var her med Fenja i ei veke. Det gjekk kjempegreit, men vi trur ikkje det vart noko paring før laurdag 07. februar. No er det bare å krysse fingrane og håpe det vart noko av det:)

Skal til dyrlegen for å ta ei blodprøve etter 30 dagar - det er visst det tidlegaste ein kan fastslå heilt sikkert om det er valpar på gang.

Har no kontakta avlsutvalet for å høyre litt om når det er lurt å byrje å annonsere valpekullet. Er noko med å ikkje selje skinnet før bjørnen er skoten:), samtidig som vi ynskjer å gjere det kjent at det er valpar i vente.

søndag 1. februar 2009

Løpetid

Endeleg skjer det noko. Fenja har hatt løpetid sidan laurdag 24. januar. Tysdag 03. februar har ho avtalt eit stevnemøte med A-Kinto. Vi reiser til Skui på ettermiddagen, og håpar bikkjene skal finne tonen. Etter planen skal vi innatt torsdag også.

Det er mykje som skal klaffe - så detta blir spennande. Blir det fulltreff kan vi vente valpar palmehelga, som vil vere leveringsklare i pinsa. Men fyrst må vi finne ut om Fenja og A-Kinto har lyst til å ha noko med kvarandre å gjere:)