søndag 3. juni 2012

Då har vi kome heim med ny valp. Var til Vormsund i går og henta ein tispevalp frå Botnebekken's kennel. Mor er Botnebekkens B-Tikka og faren er Botnebekkens Freddi. Skal legge inn meir info om stamtavle bare denne kjem. Valpen heiter Kaisa, og så langt virkar ho veldig roleg og triveleg. Kaisa fekk helse på Fenja med ei gong vi kom heim, noko vi var veldig spente på. Det gjekk over all forventning. Men Fenja har reagert med å få mjølk i spenane og ein litt stressa oppførsel. Har ikkje peiling på om dette er normalt. Håpar ikkje vi får noko tull med innbilt svangerskap her. Utfordringa no blir å få nok tid til båe bikkjene.





mandag 13. februar 2012

Oppdatering

Ikkje så mykje aktivitet her for tida. Bloggen vart oppretta med tanke på valpekullet vi hadde på Fenja, så nokon stor bloggar hadde eg vel aldri tenkt å bli;)

To bikkje har nå blitt ei, men forhåpentlegvi har vi snart to att. Valgte å avlive Thunder tidleg hausten 2011. Han vart biten i framfoten, og hadde brot fleire stadar i foten. Summen av brotet, det at han ikkje viste særleg jaktlyst og seist men ikkje minst hadde begynt å bli litt halvvond på andre hannbikkjer gjorde til at eg valgte å avlive. Angrar ikkje på det. Fenja hadde ein ok haust, vart bare skote tre elgar for ho, men hadde mange fine losar. Merkar godt at det er mindre elg i områda der vi jaktar, og ein stor del av kvotene er ungdyr som ikkje er så lette å få til å stande for bikkja.

Vi har lyst til å ha to bikkjer. Kunne ha vore moro med eit kull på Fenja att, men syns det blir for mykje styr. Og så er det det at ho så sjeldan har løpetid. No er det over eit år sidan seist. Ho byrjar jau også å bli ei vaksen dame:) 8 år i august. Men det står ei gilde hannbikkje i Tvedestrand... HO HO må slutte å tenke på det. For John Kjell har bestillt valp frå Botnebekken. Skal etter planen hente ny valp i mai. Men nå viser det seg at tispa det er planlagt kull på ikkje har fått løpetid den heller... Så vi får sjå. Får vi oss valp må eg kanskje blogge litt att:)